Hopp til innhold

Skeptisk til fleire studieplassar

Ingeniørstudentane er skeptiske til at Høgskulen i Sogn og Fjordane i forslaget til statsbudsjett får 20 nye studieplassar innan ingeniør- og teknologistudier.

Høgskulen på Foss i Sogndal
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Medan leiinga for høgskulen jublar over fleire studieplassar, meiner leiar for NITO-studentane, Steinar Pedersen, at pengane heller burde vore brukt til oppdatering av utstyr og styrking av lærekreftene.

Steinar Pedersen, leiar NITO Studentene

Steinar Pedersen. leiar NITO Studentene

Foto: Pressefoto

– Det er ikkje hjelp i å putte fleire studentar inn i utdanninga, dersom ein ikkje får dei ut igjen på andre sida.

Tall frå SSB viser at 45 % av ingeniørstudentane fell frå eller ikkje fullfører på normert tid, samstundes som tal frå studentundersøkinga til NITO syner at ein av fem studentar manglar utstyr som er naudsynt for utdanningane.

- Bygg, utstyr og lærekrefter må vere på plass før ein opprettar nye studieplassar, seier Pedersen

- Men dersom ein skal få opp talet på til dømes ingeniørar, må ein ikkje då og auke talet på studieplassar?

- Vi trur ikkje det. Dette er eit spørsmål om kvalitet framfor kvantitet. Ved å fokusere meir på kvalitet så trur vi at fleire enn i dag vil gjennomføre utdanninga.

- Difor så meiner vi at det ikkje er naudsynt med denne auken i studieplassar når ein i staden kunne prioritere å oppdatere ustyrslabratorier, der ein kan jobbe og få relevans i utdanningane.

Åse Løkeland - rektor HSF

Åse Løkeland, rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane

Foto: HSF

Ved høgskulen i Sogn og Fjordane kjenner ikkje rektor Åse Løkeland seg treft av kritikken frå NITO Studentene

- Vi har hatt ganske høg gjennomstrøyming av ingeniørstudentar di seinare åra. For oss er dei ekstra studieplassane kjærkomne.

Ho seier at til no har kraftbransjen i Sogn og Fjordane finansiert opptak av to kull ingeniørstudentar.

- Dei har sjølvsagt hatt forventingar om at vi skulle jobbe for å få det finansiert over statsbudsjettet. Det har vi no lukkast med.