Hopp til innhold

Skatt Vest avdekka mange manglar

Skatteetaten har kontrollert korleis verksemdene på Vestlandet fører personallister. Resultatet vart nedslåande.

Illustrasjon til Skatt Vest-aksjon

ILLUSTRASJON: Skatt Vest har gjennomført ein omfattande kontroll av ei rekkje verksemder på Vestlandet.

Foto: FOTOMONTASJE: NRK

– Det er altfor mange som faktisk ikkje føl reglane. Det seier Marta Johanne Gjengedal som er avdelingsdirektør i Skatt Vest.

Frå årsskiftet vart blant anna serveringsstadar, frisørar, og bilverkstadar pålagde å føre lister over alle som arbeider i bedrifta . Personalister er eitt av fleire verkemiddel for å redusere svart økonomi. Etter innføring av personallister i Sverige i 2007, auka talet på kvite årsverk med 6.000.

I den første store kontrollen av verksemdene etter at regelverket vart innført har skatteetaten sjekka 542 verksemder i Sogn og Fjordane, Rogaland og Hordaland.

Marta Johanne Gjengedal

SKUFFA: Det er for mange verksemder som ikkje har orden på kven som arbeider i bedrifta meiner Marta Johanne Gjengedal, avdelingsdirektør i Skatt Vest.

Foto: Skatt Vest

I Sogn og Fjordane fann skatteetaten feil og manglar hjå 12 av 38 kontrollerte verksemder.

– Det er kanskje ikkje eit stort talt, men det gir ein peikepinn. Og vi ser at det er ikkje noko betre i Sogn og Fjordane enn i resten av fylka vi har kontrollert.

Flest feil hjå serveringsverksemdene

Serveringsstadane er dei som kjem dårlegast i denne kontrollen, uansett fylke. Av totalt 566 kontrollerte serveringsstadar, hadde 220 feil og manglar.

– Det er ikkje noko kjekt å vere dei som kjem ut dårlegast ut, seier Wenche Salthella som er avdelingsdirektør i NHO reiseliv.

Ho meiner ein kombinasjon av nytt regelverk, og at serveringsbransjen er ein bransje med stor gjennomtrekk når det gjeld tilsette, kan vere noko av forklaringa på at dei kjem så dårleg ut denne gongen.

Wenche Salthella

FLEST MANGLAR INNAN SERVERING: Wenche Salthella, avdelingsdirektør i NHO reiseliv

Foto: Pressebilete, NHO

– Vi fekk beskjed om det nye regelverket midt i den travlaste julebordsesongen i fjor. Og eg trur nok at det vil gå litt tid før alle har fått plass skikkelege rutinar

Salthella seier NHO prøver å hjelpe verksemdene til å etablere gode rutinar ved å legge ut informasjon på sine nettsider. Ho seier dei og hadde eit opplegg saman med Skatt Vest i januar.

Kan for bli dyrt for verksemdene

For verksemdene kan det fort bli dyrt om dei ikkje har orden i sysakene. Gebyret er på 8600 kroner for første gongs brot på reglane. Blir verksemda teken ein gong til innan 12 månader stig gebyret til 17 200 kroner. I tillegg kjem 1720 kroner for kvar person som manglar i personallista.

Sjølv om den første store kontrollen avdekka ei rekke manglar, så understrekar Gjengedal at ho har inntrykk av at det nye regelverket har blitt godt motteke av verksemdene.

– No vil vi vurdere om vi skal ha eit nytt besøk hjå dei verksemdene som har fått gebyr. Så vil vi også samarbeide med bransjen for å klargjere regelverket slik at det skal vere enkelt å etterleve.