NRK Meny
Normal

Skalla til tre personar

Fleire vart frakta heim av politiet natt til søndag, medan éin person vart meldt for valdeleg oppførsel.

På Nordfjordeid vart ein mann like før klokka tre i natt meldt for å ha skalla til tre andre personar ved ein utestad. Mannen som er i slutten av tenåra skal ha skalla til den eine slik at den fornærma begynte å blø frå nasen, opplyser politiet på Twitter.

Tidlegare på kvelden hadde politiet det travelt med å ta hand om fleire rusa personar.

Klokka 00.00 i Årdal køyrde dei ein rusa mann i 60-åra heim. Seinare måtte dei køyre ein rusa mann i slutten av tenåra heim frå sentrum til bustaden sin i Florø.

Ei kvinne i Florø som var sterkt rusa vart køyrd til legevakta klokka 02.42 natt til søndag. Kvinna var i slutten av tenåra.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.