Hopp til innhold

Skåla Opp med eigen overvektsklasse

Motbakkeløpet Skåla Opp opnar ein eigen klasse for dei med BMI over 30. – Det skal vera eit arrangement for alle, og då er det heilt naturleg at me lagar ein eigen klasse for dei med litt høg BMI, seier løpsleiaren.

Skåla Opp

FJORÅRETS LØP: Skåla opp 2013. I år skal dei for første gang ha ein eigen klasse for dei med høg BMI.

Foto: Arne Vik

Erik Brendefur

LØPSLEIAR: Erik Brendefur

Foto: Birger Meland / NRK

– Me har snakka om dette i eit par år, og me ønskjer at flest mogleg skal kunne delta i Skåla Opp og at det skal vera eit arrangement for alle. Då er det heilt naturleg at me kan laga ein eigen klasse for dei som kanskje har litt høg BMI, men framleis kan vera i veldig god form, seier Erik Brendefur, leiar for Skåla Opp.

– BMI på 30 var tilfeldig

Deltakinga i motbakkeløpet har auka jamt og trutt frå 360 deltakarar første året i 2002 til om lag 1800 som fullførte i fjor.

Konkurranseklassa vart fullbooka på to dagar i fjor haust, men no har arrangøren laga ei ny klasse med 20 plassar – for dei med BMI over 30.

BMI står for kroppsmasseindeks og viser balansen mellom høgde og vekt.

– At me landa på akkurat 30 er kanskje litt tilfeldig. Me får sjå på dette som eit prøveprosjekt, så ser me korleis det går, evaluerer det og kanskje kan me laga til andre grenser til neste år. Men me følte 30 var eit naturleg startpunkt i år, seier Brendefur.

Deler BMI-en på sluttida

Det har allereie kome inn nokre påmeldingar i klassen. Dei som skal delta må rekna med å bli sjekka for både høgd og vekt før start, for å sikra at dei har BMI over 30.

– Det må vera rettferdig. Det har også litt med resultatet å gjera, for å kåra ein vinnar deler me sluttida på BMI-en for å få eit endeleg resultat, seier han.

For ordens skuld om du er 180 cm høg må du vege om lag 97 kg for å ha ein BMI på 30. Dei med høg BMI kan altså bruke noko meir tid enn dei med låg.

– Er ikkje dette å setja folk i bås?

– Ein kan faktisk vera i ganske god form, sjølv om du har BMI over 30. Litt høge og kraftige personar kan ha BMI over 30 og vera i god form, så det er ikkje diskriminering på nokon som helst måte, heller tvert imot. Eg meiner me inkluderer i staden for å ekskludera. Eg trur dette blir teke positivt i mot, svarar Brendefur.

Årsaka til at dei berre opnar for 20 deltakarar i klassen er fordi dei har eit tak på 800 i konkurranseklassa. Alle dei plassane er i utgangspunktet utselde, men kvart år er det litt fråfall.

– Me veit at det er nokon som melder seg av kvart år, så me har litt å gå på, og håpar at me held oss innanfor grensa på 800. Det trur me skal gå fint, seier han.