Hopp til innhold

Skåla Opp er fullbooka

Har du planar om å gå Skåla opp i konkurranseklassen, men enno ikkje meldt deg på? Det kan du gløyme...

Skåla Opp

BLANT DEI TØFFASTE: Skåla Opp er rekna som Europas kanskje tøffaste motbakkeløp.

Foto: Picasa 2.0 / NRK

Det populære motbakkeløpet i Loen alt fullteikna, fem månader før startskotet går.

«Nesten for godt til å vere sant»

– Dette overgår det meste. I fjor var vi fullteikna i juni månad. Men at vi i år skal ha nådd grensa alt i mars, er nesten for godt til å vere sant, seier Skåla Opp-sjef Erik Brendefur.

700 personar har meldt seg på konkurranseklassen i løpet som 13. august blir arrangert for 10. gong. Fleire enn dette finn ikkje arrangøren forsvarleg.

Trimmarane får gå

Brendefur lovar likevel at dei som vil skal få gå i trimklassen.

– Vi kan ikkje nekte folk å gå på Skåla. Men når det gjeld konkurranseklassane på tid, så er det ikkje rom for fleire dessverre. Men vi tek gjerne imot fleire løparar i trimklassen, seier han til Firda.

Håpar på over 2000

I fjor fullførte 1730 deltakarar løpet opp på Skåla, 1848 m.o.h.

I år trur Brendefur så mange som 2500 blir å finne på startstreken. Då er målet at 2000 fullfører løpet som ikkje berre markerer 10-årsjubileum. I år er det også 120 år sidan Skålatårnet vart bygd.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.