Hopp til innhold

Skal unngå ferjekø

Auka kapasitet gjer at Fjord1 forventar mindre kø og smidigare trafikk på sambandet Anda-Lote i samband med Malakoff-festivalen i år.
Det seier operativ leiar i Fjord 1, Christine Hammersvik.
Dei har også i år sett opp ekstra avgangar frå Lote natt til laurdag og natt til søndag. Det gjeld også for Stårheim-Isane.

Bilferjene Årdal og Sognefjord på Anda-Lote
Foto: Steinar Lote / NRK