Skal rekonstruere dødsulukke

Politiet skal fredag gjennomføre ein rekonstruksjon av dødsulykka ved Lomelde på Slinde i Sogndal. Ein 48 år gammal mann omkom då ein tankbil frå Sogn brann- og redning kolliderte med ein personbil i april. I samband med rekonstruksjonen vil fylkesveg 55 bli stengd på strekninga Stedjetunnelen til Slinde i tidsrommet 10.30 til 13.00. Det vil bli sleppt gjennom trafikk, men politiet ber bilistar bu seg på ventetid opp mot ein time fredag.