Hopp til innhold

Skal på medisinsk sjekk i dag

Sogningen Kristian Fardal Opseth (29) skal i dag på medisinsk sjekk hos den tyrkiske fotballklubben Erzurumspor. Det melder klubben på Twitter. Klubben er nest sist i den øvste divisjonen og kjøpte nyleg tidlegare Florø-spelar Rashad Muhammed frå Sarpsborg. Opseth scora 10 mål for Bodø/Glimt i Eliteserien 2018.

Kristian Fardal Opseth
Foto: Mats Torbergsen / NTB scanpix