Hopp til innhold

Skal leve i eitt med naturen

Inspirert av eventyraren og pelsjegeren Helge Ingstad (1899-2001) skal Cristoffer Clausen bu eitt år utandørs og leve av det han får av vestlandsnaturen.

Video nsps_upload_2009_11_18_21_49_42_744.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

- Eg kan jakte fram til jul. Då har eg noko meiningsfullt å fylle dagane med, men etter jul er det slutt og då blir det korte dagar og lange kveldar. Då er eg redd for at det kan bli kjedeleg, fortel Cristoffer Clausen. I eitt år skal han leve i eitt med naturen.

I indre delar av Sognefjorden, har Cristoffer Clausen funne sin stad 900 meter over havet. Her skal han, saman med fuglehunden "Frøya", bu og livnære seg på det han finn og skyt i naturen.

- Då eg leste "Pelsjegerliv" for første gang fekk eg ei god kjensle og god dragning, nesten slik at eg ikkje fekk sove om natta, fortel austlendingen.

Følg Kristoffer Clausen sin blogg her

Fem hjortar

NRK møter Clausen på dag 105 i det litt spesielle prosjektet. Kvikksølvet viser ti kuldegrader, og austlendingen må fyre opp bålet for å få varmen i kroppen. Det er morgon og på frukostmenyen står kraft frå siste kveldsmat, hjortekjøt.

- Eg brukar mykje tid på å tenke på all slags mat, og då er det ikkje hjort eg tenkjer mest på. Men det er det eg har tilgang til, og då må eg berre tenkje at det er bra, fortel han, etter å ha byrja på sin femte hjort.

- Spennande

Akkurat kvar han er, skal vere ein løyndom. Men i tillegg til hjort er det orrfugl og tiur å jakte på. For å få litt variasjon i kosten, legg austlendingen ut på fuglejakt. Etter litt markerer "Frøya" at fjærkre har vore i området. Men tiuren klarar så vidt å komme seg ut av skothold, før det er for seint.

- Når det er slikt knaseføre som i dag, så er det vanskeleg å komme innpå. Men det var spennande, seier Clausen og pustar ut og konstaterer kveldsmaten igjen blir hjort.

- Må hive innpå

Innimellom stoggar austlendingen for å få i seg vitaminar. Sjølv om snøen enkelte stadar har lagt seg, er det bær å finne.

- I motsetnad til blåbær, heng kreklingen gjennom heile vinteren. Når blåbæra frys, så fell dei gjerne av. Går forbi slike store fine tuer, så må ein berre hive innpå, seier han - og langar innpå med bær.

Frå bukk til hjort

Attende ved bålet plukkar Clausen fram hjortekalven han skaut for nokre dagar sidan. Den ligg innpakka i ein fjellduk, og må flåast, parterast og hoggast opp før den kan mette ein svolten kropp.

- Eg hadde nesten gløymt at det var ein kalv. No har eg ete bukk i mange veker, men denne var mørare og betre, seier han og fortel at han prøver å få i seg det meste av hjorten: lever, nyre, hjarte og innvolsfett.