– Vi hadde kjøpte oss slike små mopedar, og fann ut at dei må jo brukast. Så kvifor ikkje bruke dei til å reise litt, seier Arne Nordgulen.
Som tenkt så gjort. Når NRK snakkar med han, har kameratgjengen på tre køyrt i tre dagar, og er komne til Belgia
– Planen vår er å køyre ei veke i året, og så set vi igjen mopedane der vi kjem, og startar derifrå året etter.
Verda neste
Saman med Ole Thomas Erle frå Jølster og Børge Endal frå Sande var Nordgulen på ein tilsvarande tur gjennom Norge til Tyskland og opp igjen gjennom Danmark og til Bergen for to år sidan.
– Då opplevde vi så mykje kjekt på den turen at vi fann ut at dette ville vi gjere igjen.
– Og no står verda for tur?
– Vi har rekna ut at skal vi nå verda rundt så må vi halde på til vi blir 80 år, ler Nordgulen.
Dax-tur for vidarekomne
Mopedane dei køyer er av typen Honda Dax og mindre enn vanlege mopedar.
– Folk vi møter ler og ristar på hovudet av desse galne nordmennene.
Men med så små syklar så betyr det også at det avgrensa plass til bagasje.
– Vi køyrer bruk og kast. Vi kjøper det vi treng og kastar etter bruk, ler Nordgulen.
Unngår motorvegar
Med små syklar som ikkje går all verda fort, er det ein ting dei tre kameratane vil unngå for ein kvar pris, og det er motorvegane gjennom Europa.
– Vi forvilla oss inn på motorvegen for to år sidan, og då sa eg at det skal aldri skje igjen. Du kjenner deg verkeleg liten når du putrar av garde på mopeden og blir forbikøyrt av nokon som køyrer i 200 kilometer i timen.
Men det er ikkje berre ulemper med å unngå motorvegane.
– Å køyre på sidevegane gjer at vi får sett og opplevd meir, seier Nordgulen.
Laurdag om ei veke er verdsturnen over for i år, då ventar returbillettar heim med fly frå Zürich.