Hopp til innhold

Skal køyre rundt og hjelpe folk med DAB

Frå 21. juni vil NRK sine radiosendingar i Sogn og Fjordane berre gå på det digitale DAB-nettet, og ikkje på FM. Denne veka reiser Digitalradio Norge rundt i fylket for å svare på spørsmål.

Digitalradio Norge

SLÅR AV EIN PRAT: Folk var ikkje redde for å spørje om hjelp då radiobilen var i Gaupne måndag føremiddag.

Foto: Digitalradio Norge

– Vi gler oss veldig til å køyre Sognefjorden på langs denne veka, det har vi verkeleg sett fram til, seier Tommy Gaustad i Digitalradio Norge.

Når radionettet skal skiftast i heile landet, er det mange som har spørsmål. Tanken med å køyre rundt med ein informasjonsbil er at folk skal kunne få praktisk hjelp i nærleiken av der dei er.

– Vi køyrer rundt med den ti meter lange radiobilen vår, og hos oss kan folk få hjelp med det meste. I alle fall om det har med radio å gjere.

Byrjar i Gaupne, vidare til Sogndal.

I dag er radiobilen i Gaupne, Sogndal og Leikanger. I morgon skal dei vidare til Balestrand, Høyanger og Vadheim. Gaustad fortel at dei allereie har svart på mange spørsmål i Gaupne.

Tommy Gaustad i Digitalradio Norge

REISER RUNDT: Tommy Gaustad og Digitalradio Norge reiser rundt i fylket for å informere folk om DAB, og svare på spørsmål knytt til overgangen til DAB-nett i Sogn og Fjordane 21. juni.

Foto: Martin Steinholt / NRK

– Mange lurer jo på korleis ein får DAB i bilen, korleis ein får det på hytta, kor god dekninga er, og så vidare. Folk har mange praktiske spørsmål, og vi vil prøve å svare så godt vi kan, seier Gaustad.

Er det mange som tek turen innom?

– Ja. Vi rakk ikkje ein gong å parkere i Gaupne før det kom nokon bort. Eg trur vi hadde tre bilar som køyrde etter oss inn her, så folk vegrar seg ikkje for å spør om hjelp.

DRNs radiovogn

BYRJA I NORDLAND: Nordland var det første fylket der NRK gjekk over til å berre sende på DAB-nettet, og også det første fylket som fekk besøk av radiobilen.

Foto: Digitalradio Norge

Sjølv om NRK går over til å berre sende på DAB i Sogn og Fjordane 21. juni, vil dei kommersielle kanalane halde fram å bruke FM-nettet fram til 15. september. Lokalradiokanalar kan halde fram å sende på FM også etter 2017.

Medietilsynet har ei oversikt over kva slags lokalkanalar som ikkje skal sende på FM etter sløkkinga.