NRK Meny
Normal

Skal jakte på to jervar

Direktoratet for naturforvalting set i gang jakt på jerv i Luster og Sogndal i vår.

Jerv
Foto: Asgeir Kvalvik / Scanpix

Store tap av sau på fjellbeite siste åra er årsaka til at direktoratet gjev ekstraordinært fellingsløyve på to dyr.

Mykje jervespor

- Det er relativt mykje jervespor no rett etter at lisensjakta er over. Dermed kan vi slå fast at det er ein del jerv i området. Til våren er det store fare for at det blir yngling, noko som ikkje er ynskjeleg, seier konsulent hjå Fylkesmannen, Hermund Mjelstad.

God tru

Fylkesmannen har høve til å gje såkalla lisensjakt på jerv inntil 15. februar, og gav tre løyve i vinter. To jervar vart felte.

No startar direktoratet sjølv jakt gjennom naturoppsynet. Jakta startar 20. mars og varer til 7. april. Mjelstad trur dei har god sjanse til å ta jerven.

- Naturoppsynet har høve til å bruke både scooter og helikopter, og dermed har dei større sjanse til å få tak i jerven, seier han.

Vurderer å ta ut hi

Dersom ein finn hi skal det vurderst om dei også skal fjernast. Erfaringsmessig er det då skadenivået blir redusert kraftigast, seier Mjelstad.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå