Skal ha fokus på lokale talent

Sogndal Fotball tek grep for å prøve å få fram fleire unge talent i fylket. Klubben har tilsett trenarprofilen Nils Tore Krosshaug, og han skal ha eit spesielt ansvar for å jobbe med unge toppspelarar i Sogn og Fjordane, det skriv Firda. Sogndal-trenar Eirik Bakke seier han svært gjerne vil ha mange spelarar frå fylket i klubben, og at dei med tilsettinga vil vise at dei tek dette på alvor.