Hopp til innhold

Skal gata heite Lakabodlsmuget?

Det manglar ikkje på kreative innspel når ei rekkje gater i Sogndal skal få nye namn.

Sogndal
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Lakabodlsmuget, Saftkokarvegen, Eirik Bakkes allé og Olav Stedjes gate, er berre nokre av forslaga som har kome inn.

15 gater treng namn

I Sogndal har det vore stor byggjeaktivitet over lengre tid og det er 15 gater og ein busshaldeplass som treng namn.

- Det har samla seg opp over mange år og me ynskjer eit større engasjement med innspel utanifrå, seier ordførar i Sogndal, Jarle Aarvoll.

Mange innspel

NRK Sogn og Fjordane oppmoda lyttarane om å senda inn forslag på morgonsendinga i dag, og det mangla ikkje på kreative innspel.

Nokre av forslaga som kom inn var mellom anna: Befruktningens allé, Karl Lerums plass, Fruktgata, Gjest Baardsens gate, Brødrene Flos gate og Fridtjov den frøknes veg.

Beste forslag

Sogndalsordføraren vil ikkje gå ut å leggja nokon føringar, men vedgår at han likte eit av forslaga som har kome inn ekstra godt.

- "Stao no pao" tykte eg var eit svært bra namn på busshaldeplassen.

- I tillegg var det eit par namn på tidlegare fotballspelarar, men om det blir ein av dei veit eg ikkje, seier Aarvoll.

Skal kvalitetsikrast

Dei nye namna vert vedtekne utpå sommaren og fristen for å koma med forslag er 21. april.

- Men fyrst skal namna handsamast administrativt og kvalitetsikrast hjå namnekonsulenten, seier Jarle Aarvoll.