Hopp til innhold

Skal dyrke fram filmtalent

Vestnorsk filmsenter gjev medielinja på Firda vidaregåande skule heile 160 000 kroner. Pengane skal brukast til å utvikle nye filmtalent.

Filmklapper

NYE FILMTALENT: Medielinja på Sandane har fått 160 000 kroner å bruke på kreative idear.

Det er i samband med Qfilm-festivalen at Vestnorsk filmsenter kjem med den litt tidlege julegåva.

– Det er ikkje noko meir gledeleg i verden enn å å vere på Qfilm og få lov til å gje denne nyhenda til dei som sit i salen, seier dagleg leiar i Vestnorsk filmsenter Irmelin Nordahl.

Nordahl har skaffa til veges pengane ved å søkje Film og Kino om støtte.

12 ferske filmar

Neste år skal det setjast i gang ein stor workshop i høve at Qfilm rundar 10 år.

– Då skal vi ha premiere på 12 ferske filmar. Så vi skal velje ut 12 talent som skal vere med på tyngre workshops, forklarar Nordahl.

– Det har Sogn og Fjordane bruk for, og det har Vestnorsk filmsenter lyst til å støtte.

Jublande glad

I kveld vert årets beste Qfilm kåra, og det er i det høve Nordahl vitjar Sandane.
Ho har sett alle filmane og vedgår at der er mykje bra.

Festivalsjef på Sandane, Malina Kirkeide jublar over pengestøtta.

– Det er jo utruleg kjekt å få så mykje pengar til å byggje opp nye talent.