Hopp til innhold

Slik såg denne bilen ut laurdag morgon - politiet ber om tips etter fleire skadeverk

Politiet ber om tips frå publikum etter at to bilar har fått hard medfart i Førde sentrum.

Skadeverk Festplassen

KNUST: Bilen på Festplassen i Førde har fått ruta knust på passasjersida.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Knust rute

SKADE: Nokon har knust ruter på to bilar i Førde sentrum.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– I løpet av dagen kjem politiet til å gjennomføre ei undersøking på staden, seier Olaug Holme hjå politiets operasjonssentral i Florø.

Det er uvisst når skadeverket skal ha skjedd, men truleg i løpet av natt til laurdag.

Den eine bilen som har blitt utsett for skadeverk stod parkert ved Elvegården, og den andre ved Festplassen, opplyser politiet.

Politiet har no vore på staden og vindaugsruter har blitt knust på begge bilane. Det har òg vore nokon inne i bilane. Ugjerninga skjedde i løpet av natta.

Nokon har knust ruta til passasjerdøra og bryte opp døra til bilen som står på Festplassen. Det er uvisst om det er stole noko frå bilane.

– Politiet har ikkje vore på staden enda, men dersom nokon har tips i saka kan dei ta kontakt med politiet, seier Holme.

Også på ein serveringsstad i Førde har noko vore på ferde i løpet av natta.

– Det er blant anna blitt brote opp ein port, men ingen skal ha teke seg inn på staden, opplyser politiet. I løpet av dagen vil dei gjennomføre undersøkingar på staden.

Har du tips til politiet? Ring 02800.

Skadeverk i Førde sentrum

KNUST RUTE: Også på bilen som stod parkert på parkeringsplassen ved Elvegården hadde fått ruta si knust på passasjersida.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK