NRK Meny
Normal

Sunnmøring har tilstått kyrkje-hærverk

Ein mann har tilstått å ha gjort skadeverk i Eid kyrkje.

skadeverk i Eid kyrkje

KVITT PULVER: Heile Eid kyrkje er dekt av eit kvitt pulver, etter at den sikta tjueåringen skal ha utløyst to pulverapparat.

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK

Mannen som tidlegare i dag vart arrestert og sikta for hærverk, har no tilstått ugjerningane. Sunnmørsposten skriv at mannen i 20-åra er busett på Søre Sunnmøre.

Kyrkjeverje Kristen Hundeide vart møtt av store mengder glasbrot, eit tømt brannsløkkingsapparat og eit øydelagt orgel då han kom for å inspisere skadeverket i Eid kyrkje i natt.

Kristen Hundeide

USIKKER: Kristen Hundeide seier dei framleis er usikre på om skadeverket vil ha innverknad på kunsten i kyrkja.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Det er vanskeleg for meg å vere sikker. Men samla sett trur eg vi snakkar om skadeverk til ein verdi mellom ein og to millionar, seier Hundeide.

Får store følgjer

Det var i 06:30 tida torsdag morgon at politiet melde at dei hadde arrestert ein rusa 20-åring på Nordfjordeid. Mannen er sikta for å ha utført skadeverk inne i Eid kyrkje natt til torsdag.

Hundeide seier at skadeverket får store følgjer.

– Eg har no stengt kyrkja fram til forsikringsselskapet kjem for å taksere skadane. Vi må og ha spesialistar for å reinske kyrkja for pulver. Akkurat no veit eg ikkje når kyrkja kan opne att, men det blir ikkje til første søndag i advent på søndag. Fredag skal det vere ei gravferd her, den blir flytta til Stårheim kyrkje.

Knust vindauge i Eid kyrkje

KNUST: 20-åringen skal ha knust dette vindauget for å kome seg inn i kyrkja.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Tragisk

I tillegg til skadane, er kyrkjerommet dekt med kvitt støv frå to brannsløkkingsapparat. Hundeide tykkjer nattas hendingar er tragiske.

– At nokon bryt seg inn i eit hus for å sjå etter verdisaker kan eg til ein viss grad skjønne, men at det skal vere naudsynt å utføre slike skadeverk som dette er heilt uforståeleg. Eg synest det er tragisk og foreløpig veit vi heller ikkje om dette har innverknad på kunsten og måleria i kyrkja.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.