Politiet fekk melding om ulukka klokka 16.18, men ved 17.30-tida var dei ikkje komne fram til staden.
Ambulanse kom raskare til staden og sjekka om nokon av turistane var blitt alvorleg skadd, men alt tyder på at det er snakk om lettare skadar.
– Vi melde raskt frå om hendinga. Bilen står no i ei grøft, og har ikkje velta. Vi ser førebels ingen skader på bilen, men det veit vi ikkje sikkert før vi har drege den opp att på vegen, seier dagleg leiar i Oldedalen skyss AS, Rogeir Haugen, til NRK.
- LES OGSÅ:
Alle dei sju passasjerane som var i bilen er rutinemessig køyrd til legesjekk, opplyser Haugen og forsikrar at dei ikkje tenk sjansar når det kjem til tryggleiken til turistane.