Raud rotråte angrip røtene på bringebæra, og gjer at heile planta til slutt visnar. Ein må heilt tilbake til 1990 for å finne tidlegare angrep av raud rotråte i Indre Sogn.
Hardt angrep av sjukdomen
I 1990 var det eitt enkelte tilfelle som vart oppdaga i Skjolden. No er situasjonen langt meir alvorleg, heile fem hagar i Luster og Lærdal er råka samtidig.
Smittefare
Det er mistanke om at fleire plantar kan vere smitta, så dette er ei sak mattilsynet vil prioritere. Merete Lunde seier at dei kjem til å kikke ekstra grundig på bringebærplantane i Indre Sogn nå og utover neste år.
Øydelegg avlingar
Luster og Lærdal er dei største bærkommunane i Sogn og Fjordane. Det er blitt satsa stort på bringebær dei siste åra og soppangrepet vil truleg få konsekvensar for avlingane til neste sesong. Dyrkar og bærkonsulent i Luster, Jon Halvorsen, har sjølv fått påvist raud rotråte i sin hage. Han tar ingen sjansar og kvittar seg difor med 1,5 mål bringebærplanter.
Nedbøren i haust kan vere årsaka
Det er usikkert kva som er årsaka til soppangrepet i Indre Sogn. Distriktssjef Merete Lunde i Mattilsynet utelukkar ikkje at all nedbøren i haust kan ha gjort vekstvilkåra for soppen gunstige.