NRK Meny
Normal

– Det var litt skummelt, men mamma syntest nok det var skumlare

Andrea Weka har eit konfirmasjonsbilete få kan måle seg med: Her står ho iført bunad på toppen av majestetiske Slogen.

Andrea Weka på Slogen i bunad

HEFTIG: Andrea Weka i bunad på toppen av fjellet Slogen på Sunnmøre.

Foto: Fotograf MA

– Det var ei fantastisk oppleving, og noko eg kjem til å hugse for alltid. Det er nok ikkje mange av venninnene mine som har eit slikt konfirmasjonsbilete, ler Andrea Weka.

Ho er over snittet oppteken av fjell og friluftsliv, og ville gjerne ha eit bilete av seg sjølv som konfirmant som illustrerer det.

Som sagt, så gjort - og i helga låg endeleg alt til rette for ein fotoshoot på sjølvaste Slogen på Sunnmøre.

– Mamma synest nok det var skumlare

Historia startar fleire månader tilbake i tid. Allereie i mars tok Andrea og mamma Ingunn Weka kontakt med fotografen. Først søndag klaffa alt. Vêr og lysforhold låg til rette for ein fin tur - og ikkje minst spektakulære bilete.

Då venta ein tung tur med mykje fotoutstyr og ein samanbretta bunad i sekken til toppen på 1564 meter over havet.

– Eg sminka meg og tok på bunaden på toppen. Det var litt vanskeleg med så lite plass å stå på, men det gjekk greitt, fortel Weka.

– Korleis var det å stå på ein så luftig stad?

– Det var litt skummelt, men mamma syntest nok det var skumlare, smiler 15-åringen frå Sogndal.

Likar bilete av folk i sitt rette element

Ho har fått mange tilbakemeldingar frå venner og kjende, som synest bileta er uvanleg flotte. Det har også fotografen Ma Ortiz fått - spesielt på Facebook.

Andrea Weka sitt konfirmasjonsbilete
Foto: Fotograf MA

– Vi har fått veldig mange tilbakemeldingar, og det gjer det jo ekstra kjekt. Det er ikkje berre berre å gå frå 0 til nesten 1600 meter med tung sekk. Det er kjekt at folk synest vi har fått til noko annleis, seier Ortiz, som fotograferer under namnet Fotograf MA.

Det er ikkje første gongen ho gjer noko slikt. Ho tek også brudebilete av folk i fjellet. Og tilbodet har byrja å bli populært...

– Det byrja med at eg tok bilete av meg sjølv i ballkjole på toppen av ti ulike sunnmørstindar. Det skapte ein del merksemd, og etter det har eg hatt kundar som gjerne vil ha denne typen bilete, seier Ortiz.

– Det er kjekt å ta bilete av kundar i sitt rette element. Det ligg så mykje meir i slike bilete enn dei flate bileta med kvit bakgrunn, legg ho til.

– Det er veldig luftig på toppen. Er dette forsvarleg?

– Det skal jo vere trygt, og vi kan ikkje leike med livet. Vi hadde heile tida sikkerheitsmarginar på at ho kjende seg trygg. Og det var mange rundt som passa på ho. Men det skal seiast; Andrea var eit råskinn - ho var ikkje redd i det heile teke. Ho strålte frå første til siste bilete, seier Ortiz.

(Artikkelen held fram under biletet)

Slogen

MAJESTETISK: Slogen er mellom dei aller mest spektakulære tindane på Sunnmøre, og eitt av dei mest populære turmåla i området.

Foto: Arild Eidset

Mamma torde ikkje sjå fotograferinga

Med på turen var også mamma Ingunn Weka, eit søskenbarn og ein bærar for fotografen. På toppen var det mykje andre fjellfolk, og mange ville ha eigne bilete av det som føregjekk.

– Mange synest dette er dei stiligaste bileta dei har sett. Det er noko nasjonalromantisk over det, seier Ingunn Weka.

Ho har sjølv eit snev av høgdeskrekk, og synest det var krevjande då dei måtte klyve litt mot toppen. Betre vart det ikkje då ho såg kor luftig det var der oppe.

– Det vart for heftig for ho mor. Eg gøymde meg bak ein stein, innrømmer ho.

– Er det forsvarleg å ta bilete på slike stader?

– Eg hadde nok ikkje kunne stått der sjølv, og eg var glad då ho var ferdig. Men det var nok høgdeskrekken min som slo til. For Andrea var det ei kjempeoppleving, seier Ingunn Weka.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.