Hopp til innhold

Sjekk denne videoen! Slikt ser ein ikkje ofte...

To otrar hadde nok med kvarandre, då dei sprang om kapp på Stavenes i Askvoll.

Created by InfoDispatcher

KRANGLEFANTAR: Det var eit kosteleg syn som møtte Gustav Skaar då han jogga langs fjorden. Foto: Gustav Skaar.

– Eg er ikkje heilt sikker på kva dei dreiv med, om dei slost eller leika, seier Gustav Skaar.

Det var på ein joggetur ute i Stongfjorden i Askvoll at Skaar kom over dei to otrane, som leika seg langs fjorden. Dei to muntre krabatane brydde seg fint lite om at dei hadde tilskodar.

– Dei kan ikkje ha sett meg, for dei sprang forbi meg to gonger. Før eg ropte på dei, og dei pila ned att mot fjorden.

Skaar var kjapt oppe med mobiltelefonen og fekk filma den viltre leiken.

Ser ofte oter

Skaar kom tidlegare i vinter over spor i snøen, som han trur stammar frå oter. Han meiner han ser oter både oftare og oftare no for tida.

– Eg trur det er meir oter å sjå no enn før, for det ikkje er lenge sidan eg såg oter ein anna stad i Askvoll, fortel Skaar.