Opprykksjubel for Sogndal: – Endeleg er vi der

HØNEFOSS (NRK):– Endeleg er vi der, jublar Sogndal-kaptein Rune Bolseth etter ein sesong i 1. divisjon. 2016 ventar motstandarar som Rosenborg, Molde, Strømsgodset og Stabæk. Igjen.

Då signalet gjekk frå full tid løfta Saftkokaradn taket på AKA Arena på Hønefoss. Sogndal er klar for eliteserien 2016.

SJÅ VIDEO: Elleville jubelscener då fløyta gjekk og både spelarar og supporterar kunne sleppe jubelen laus over opprykket. (FOTO: ODDLEIF LØSET/NRK)

Det vart med ein sesong på nest høgaste nivå for Sogndal Fotball. Etter solide 5-2 borte mot tabelljumbo Hønefoss kan ikkje ein gang teorien nekte dei opprykk.

Rune Bolseth

LETTA: Det var ein letta Rune Bolseth som takka Saftkokaradn for støtta.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Sogndal er eliteserielag i 2016.

– Det er heilt fantastisk. Vi klarer det med tre kampar att. Det seier det meste. Vi har leia serien heile vegen og har jobba steinhardt i heile år for dette, seier Rune Bolseth til NRK.

Har ikkje kjent seg sikre

Supporterane jubla hemningslaust gjennom store delar av kampen. Både på grunn av scoringane til Åsane over Kristiansund i Bergen. Men også for dei fem nettkjenningane Sogndal fekk.

Stor stemning i Sogndal garderoba

Og til slutt då dommaren bles av kampen. Sjølv om sigeren også gjer at gamleklubben Hønefoss framleis står med begge beina i nedrykksstriden , er Bolseth ein letta mann.

– Alle har gått og prata om at «de er klare» og «dette er avgjort», men vi har ikkje følt det slik i det heile tatt. Når vi endeleg får det no er det ei utruleg glede. Vi er tilbake på første forsøk, og det er ufatteleg viktig for oss, for bygda, og for heile fotballen i Sogn og Fjordane betyr det mykje, seier Bolseth.

– Jobben er ikkje ferdig

Etter kampen takka spelarane supporterane for støtta. Og i garderoben skrytte trenar Eirik Bakke hemningslaust over spelarane.

– Men jobben er ikkje ferdig. Vi har nådd første målet vårt om å rykke opp. No må vi setje oss nytt mål om å vinne serien, seier han til NRK etter at champagnen er spretta i garderoben.

Rune Bolseth var stolt som ein hane etter at Sogndal igjen sikra opprykk til Eliteserien.

SJÅ VIDEO: Rune Bolseth har vore med på ei rekkje opprykk. Han seier gleda er like stor kvar gong. (FOTO: ODDLEIF LØSET/NRK)

– Men akkurat no skal vi nyte og feire dette, legg han til.

Begge lag virka prega i første omgang. Heimelaget fordi nedrykkspøkelset har festa eit kraftig grep om AKA Arena.

Topp mot botn

Sogndal fordi kampen var viktig for opprykket - og tabelltoppen.

Saftkokaradn
Foto: Oddleif Løset / NRK

– Det var som forventa at Hønefoss gjekk ut i hundre. Planen var at vi skulle svare med same mynt, men dei tok kommandoen. Vi var litt usikre med ball, veike i duellane og så fekk dei kampen inn i sitt spor. Men etter 20-25 minutt justerer vi og kjem oss inn i kampen, seier Bolseth.

– Når vi fekk 2-1 rett før pause, så var det litt støtet. Vi scora tidleg i andre, og då var vi der, legg han til.

– Kva vart sagt i pausen som gjorde at de kom så fandenivolsk i gang etter pause?

– Vanskeleg å seie. Vi leia 2-1 til pause men var samde om at vi hadde gjort ein veldig dårleg omgang.

Trenar Bakke legg til:

– Eg berre sa at det stod 2-0 til Åsane i Bergen. At vi kunne avgjere dette sjølve. Og det gjorde vi. Fantastisk innsats av gutane, avsluttar han.

Laster innhold, vennligst vent..