Hopp til innhold

Sjå, der dansar bestefar med bestemødrene

FØRDE (NRK.no) Over 300 dansarar frå heile fylket, alle solid oppe i seniorklassane, har dansa seg gjennom dagen.

I dag har mange av dei som driv med seniordans vore samla i Førde.

GOD STEMNING: Seniordans har blitt svært populært dei siste åra. 300 ivrige dansarar er samla til det årlege treffet.

På eit hotell i Førde var seniordansarane samla torsdag, og leiaren for arrangementet var glad for den store oppslutninga.

– Det er flott å sjå at dei er så glade og så med alle saman. Så mange som møter opp på desse treffa og gler seg slik til dei, fortel arrangementssjef Olaug Gjengedal til NRK.

Seniordansarar frå kvar einaste kommune var med, og i alt kring 300 kvinner og menn følgde rytmisk med på alt som skjedde.

Samlinga varar i tre dagar til ende, der det sosiale samværet med andre også er svært viktig.