Hopp til innhold

Sjå og høyr Tøyen-jentene sin hyllest til MGP-vinnarane

Salma og Ibithal frå Tøyen skole i Oslo diggar MGP-vinnaren Vestlandet så mykje at dei spelte inn sin eigen a-capella-versjon.

På Facebook-sida til skulen på Oslo aust har over 3000 vore inne og sett videoen, der dei to jentene syng sin versjon av Vilde Hjelle (13) og Anna Naustdal (12) frå Nordfjordeid sin vinnarlåt "Vestlandet".

Eid-ordførar Alfred Bjørlo er ein av dei som beit seg merke i Tøyen-jentene sin flotte video og har lova på Facebook-sida at han skal helse frå Vilde og Anna til fanskaren på Oslo-skulen.

– Det er rørande, rett og slett! Eit strålande døme på korleis ein song kan treffe alle, store og små, og bli felleseige nærast over natta, seier Bjørlo til NRK.

På sida si skriv Tøyen skole at Vilde og Anna har gjort stort inntrykk på kort tid, og dei oppmodar alle om å dele videoen med Salma og Ibtihal. Det er Alfred Bjørlo glad for.

– I ei tid då nokon vinn fram med å byggje murar, er det viktigare enn nokon gong at andre byggjer bruer. Ein slik song gjer det.

Anna og vilde på Nordfjordeid

BLIR SPELT OVERALT: Vilde Hjelle og Anna Naustdal vann MGP jr førre helg. No er vinnarlåten Vestlandet spelt over 250.000 gonger på Spotify!

Foto: Harald Kolseth / NRK
Alfred Bjørlo på fylkestinget

STOLT: Eid-ordførar Alfred Bjørlo tykkjer det er stas at Vestlandet-songen spreier seg over heile Norge.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK