Hopp til innhold

Sjå Norges råaste narkohund i aksjon

Allereie før han fylte to år, klarte Theo å bli den beste narkotikahunden i heile landet. Tallause timar på leit etter narkotika gøymt i Stryn ligg bak.

Norges beste narkohund er ein hund etter narko.

BEST: Det er ikkje mykje som slepp unna nasen til Theo. Berre han får premie for innsatsen er han godt fornøgd.

Theo riv og slit i halsbandet og ser håpefull opp på politibetjent og eigar Tor Egedahl. Halen går som ei trommestikke. Snart blir han sleppt laus og kan ta i bruk Norge si råaste nase.

– Theo er eit fantastisk talent. Ei hundenase er særdeles viktig i kampen mot narkotika, seier Egedahl.

Best i landet

Knapt ei veke er gått sidan Theo og Egedahl vann NM for narkotikahundar. I konkurranse med 17 andre, eldre og meir erfarne hundar, var det ingen som måle seg med Theo. Det var avisa Fjordingen som først omtalte NM-sigeren.

Politibetjent Tor Egedahl med Theo

NM-vinnarar: Theo er den beste narkotikahunden i landet. Eigar og politibetjent Tor Egedahl har trena intensivt med hunden det siste halvåret.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Eg vil seie at dette ein kjempegod distriktssiger. Å kome ifrå vesle fagre Stryn og dra inn den største pokalen. Det er blitt lagt merke til, seier politibetjenten, med nær 20 års fartstid i politiet i Stryn.

Pokalen er nær ein halvmeter høg, men har ikkje kome gratis. Egedahl og Theo har brukt tallause kveldar på å trening. NRK får vere med på ein av plassane treninga har gått føre seg på.

Ein koffert med narkotika

Inne på lageret til Stryn Energi har Tor og Theo vore mykje det siste halve året. Theo ventar i bilen, medan Egedahl opnar ein noko uvanleg koffert inne på lageret.

– Alle narkotikahunderførarar i Norge har tilgang på narkotika, då vi er heilt avhengig av narkotika for opptrening av hundar, forklarar Egedahl.

Koffert til trening med narkotikahund

TRENINGSKOFFERT: Politibetjent Tor Egedahl sin koffert med narkotika som er alfa og omega i opptreninga av hunden Theo.

Foto: Silje Guddal / NRK

Politibetjenten legg til at når kofferten ikkje er i bruk, ligg den bak lås og slå.

I valet mellom kokain, heroin og amfetamin, fell valet på det siste. 0,5 gram amfetamin, inne i ein plastpose på størrelse med ein fingertupp vert gøymt.

– Narkotikaen har kome for å bli i Sogn og Fjordane, dessverre. Ei hundenase er eit veldig godt hjelpemiddel for å finne narkotika, for dei som brukar og spesielt dei som sel narkotika er kreative i måten dei gøymer stoffa på, seier Egedahl.

Gøym og leite

Skal Theo halde seg god som narkotikahund, krevst det trening fleire gonger i veka. Egedahl gøymer amfetaminen inne i ein pipenøkkel som heng over ein arbeidsbenk.

Ein narkotikahund finn stoff som er gøymt inn i veggar, ventilatorar og inne i peisar. Og inne i pipenøklar.

Egedahl slepp laus Theo som gyv laus på alt av inventar med nasen si. Etter eitt minutt hoppar han opp på benken.

Narkotikahunden Theo

BEST I LANDET: Snart to år gamle Theo imponerte alle under NM.

Foto: Silje Guddal / NRK

Etter eitt minutt og 20 sekund markerer Theo funn. Han vert ståande blikk stille til, heilt til Egedahl gjev han ein tennisball i påskjønning.

– Den krabaten her kjem til å finne mykje narkotika i åra framover, seier Egedahl og klappar den unge noregsmeisteren.