Hopp til innhold

Berga frå døden i mars - no er hjorten tilbake

– Det var veldig godt å sjå hjorten att. Vi frykta det verste, så no er eg berre veldig glad, fortel gardbrukar Arne Kjetil Steinsland i Askvoll.

Hjorten på Eimind er tilbake.

TILBAKE: Hjorten på Eimind har funne vegen attende til gardsbruket der han i byrjinga av mars kunne endt sine dager i eit gjerde.

Foto: Steinar Bauge

Det har gått tre månader sidan den storstila redningsaksjonen på Eimind.

Hjorten, ein 14-taggar, vikla seg inn i gjerdet då han skulle forsyne seg frå dei inngjerda rundballane på garden.

– Frå eit håplaust utgangspunkt, så vart dette ein topp dag, sa Arne Kjetil Steinsland etter bergingsaksjonen i mars.

– Frykta det verste

Lite visste dei at det skulle gå månader før dei fekk svar på om bergingsaksjonen vart så vellukka som dei hadde håpa på.

For etter at hjorten var merkt og fekk springe til skogs, gjekk det så lang tid til dei såg den att, at dei frykta det verste.

(Artikkelen held fram under videoen)

14-taggaren på desperat jakt etter mat, sette seg fast i sauegjerdet.

SJÅ VIDEOEN: Ivar Steinsland (f.v.), Magne Strømmen og Arne Kjetil Steinsland jobba iherdig for å frigjere hjorten.

– Eg såg jo etter den heile tida, og alle dei andre hjortane som var her på same tid kom tilbake. Men ikkje denne. Veldig mange lurte på korleis det gjekk med dyret, men eg måtte berre skuffe dei, fortel Steinsland.

– Kom stor i augo

14-taggar med ei heil ruske med sauegjerde

SAT FAST: Hjorten vikla seg inn i gjerdet då han skulle forsyne seg frå rundballane.

Foto: Steinar Bauge

– Til og med dei som veit mykje om hjort var byrja å bli uroa, held han fram og vedgår at også han sjølv var byrja å frykte at hjorten ikkje takla påkjenninga.

Etter to månader kom ein av naboane springande.

– Han var stor i augo. Då hadde han sett hjorten. Det var betryggande å få stadfesta at innsatsen ikkje var bortkasta, seier Steinsland.

Kjem stadig vekk

– Du er sikker på at det er den?

– Jada. Det går ikkje an å ta feil. Det kvite merke vi festa på viser på lang avstand. Vi har berre merka eit par hodyr med gule merke her ute, så det er ikkje tvil.

Då hjorten omsider dukka opp att i byrjinga av mai, hadde den felt horna. No er desse byrja å vekse ut att. Sidan hjorten dukka opp att første gong, har den halde fram med å vitje bonden på Eimind.

(Artikkelen held fram under biletet)

14-taggar sette seg fast i sauegjerde

BERGA: Hjorten vart butten fast til ein traktor og vart frigjort ved hjelp av ein boltekuttar.

Foto: Steinar Bauge

«Brent hjort skyr ilden»?

– Trur du det er med hjorten som i ordtaket «brent barn skyr ilden»?

– Det er mest så eg trur at det er opplevinga som gjorde at han trekte seg vekk. No er eg berre spent på om han slår seg til ro igjen. Men no nyt han i alle fall livet og legg på seg.

Men om det er rundballar hjorten er på jakt etter, så er dei brukt opp for lenge sidan. Dessutan, i motsetnad til i vinter er det mykje godt gras både på innmark og utmark.

– Det kan jo vere at han spankulerer rundt her og lurer på når vi skal lage nye, avsluttar Steinsland.