Hopp til innhold

Sjå kven Marino møtte på

Marino Ask fekk oppleve eit rikt dyreliv på kajakktur måndag morgon. Størst av alt var det å få oppleve jaktglade oterar på nært hald.

Oter i Vilnesfjorden i Askvoll
Foto: Marino Ask

Sør om Sauesundøyna i Askvoll kommune fekk leiar i Sogn og Fjordane Turlag, Marino Ask, ei spesiell oppleving. Der heldt tre oterar på med jakt, utan å leggje merke til at dei hadde fått publikum.

Opptekne av jakta

Marino Ask

SPESIELL OPPLEVING: Marino Ask fekk oppleve otershow på nært hald.

Foto: Privat

– Eg trur eg heldt dei på få meters avstand i kring eitt minutt. Dei var så opptekne av jakta at det tok litt tid før det gjekk opp for dei at nokon følgde med, fortel Ask.

Det er ikkje uvanleg å møte på oter, men Ask har aldri opplevd det på ein slik måte. Han fortel at han kunne sjå skarpe og effektive hoggtenner som heiv i seg maten. Fleire gonger var dei høgt over vasskorpa.

– Eg har opplevd å komme tett innpå oterar før, men då skvett dei og forsvinn med det same, fortel han.

– Store dyr

Då oterane oppdaga Ask denne gongen reagerte dei først med å gi beskjed kven som var sjefen i området. Sjølv meiner han at det var snakk om tre ganske store oterar.

– Ein ganske stor oter kom mot meg for å fortelje at no var det nok. Like etter forsvann dei ned i djupet.

Ask fekk ikkje filma dei tre dyra, då han ikkje torde ta sjansen på å finne fram mobilen.

– Den låg i ei vasstett kasse, men eg hadde eit vasstett kamera liggande rett ved meg. Det har eg alltid i nærleiken når eg er ute på padletur, seier han.

Og det var ikkje berre oterar Ask møtte på denne morgonen, men også kobbe, hegre, ender og tjeld. Han kom ikkje kobba nærare enn 30 meter, så her vart det ikkje noko bilete.