Hopp til innhold

Sjå den uvanlege venskapen

Kvar morgon og ettermiddag møter hjorten opp utanfor kjøkenvindauget til Mette Kvam. Det har han gjort i snart tre år.

Mette Kvam og hjorten Flippen har vore kompisar i fleire år.

VENER: Ein snart tre år langt venskap har det blitt mellom Mette Kvam og hjorten Flippen.

Foto: Britt Haugsevje Vangen

– Han står her nede under glaset no også og vil ha brød, seier Mette Kvam på telefonen.

Kvar morgon og ettermiddag står hjortebukken der, utanfor glaset på det kvite huset på garden i Aurland. Han ventar på ein brødskalk eller to frå Mette Kvam.

– Dei er «skøyige». Eg trur han hugsar godt.

Ein god ven

Hjortebukken har vore ein trufast besøkande dei siste to-tre åra. Mette Kvam har kalla han Flippen, for han har ei rift i det eine øyra.

Han er ein god ven, fortel Mette. Dessutan hugsar han godt, for han kjem att kvar haust.

– Han reiser i april. Då fer han opp til fjells, langt opp til stølane. Og så kjem han att i november, heilt aleine. Og stiller seg opp under glaset der han brukar å få brød, fortel Mette.

  • Flippen og Mette har fått nasjonal merksemd før, og både VG og Firda omtala det uvanlege venskapen i 2015.

Då var det også ein annan fast gjest, Einhorningen. Men han var uheldig og kom ned frå fjellet litt tidleg. Då han for opp at låg jegerane på post, og så vart han vel kjøttdeig, seier Mette Kvam.

Men ho er ikkje redd for at det skal skje det same med Flippen.

– Jegerane her har villa hatt han. Så dei veit kva dei skal skyte og ikkje, fortel Kvam.

Hjort og mette kvam

VENER: Hjorten Flippen møter opp under vindauget til Mette Kvam kvar morgon og ettermiddag. Han er ein god ven, fortel Kvam om hjorten.

Foto: Brit Haugsevje Vangen

Sky for andre menneske

– Det var heilt rått og sjå. Eg merka etter eg hadde teke bilda at eg ikkje pusta, fortel Britt Haugsevje Vangen.

Ho fekk sjå den spesielle venskapen på nært hald då ho tilfeldigvis var på tur i området.

– Då vi kom ned til garden var hjorten på veg bort til Mette. Ho gav tommel opp til oss, og ropte eit par gonger. Så sprang han bort og klatra opp etter veggen, fortel Haugsevje Vangen.

– Det er heilt fantastisk og sjå menneske og dyr med den kjemien. Det er ein gong i livet altså, seier Vangen.

Mette Kvam og hjorten Flippen har vore kompisar i fleire år.

KLATRAR: Hjorten som har fått namnet Flippen har lært seg til å klatre opp etter husveggen for å få godsakene frå Mette Kvam.

Foto: Britt Haugsevje Vangen

Det var tydeleg at hjorten ikkje var like sikker på alle menneske, fortel ho. Då dei to turgåarane kom ned sprang han vekk, og dei måtte vente ei stund før han våga seg tilbake.

Mette Kvam fortel at Flippen ikkje er så glad i andre folk. Men av og til om ho har ungar på besøk, får dei lov å klappe han gjennom stoveglaset når han får brød.

Det er ofte hjort på besøk på jorda kring garden, men det er berre Flippen som får spesialbehandling, fortel Kvam.

– No er han blitt slik ein kompis. Eg klør han på horna og på kjakane, og så blunder han att. Han er litt artig, fortel ho.

Hjort på jordet

SKY: Flippen likar ikkje merksemd frå tilskodarar, det er berre Mette Kvam han går heilt opp til.

Foto: Britt Haugsevje Vangen