Stemninga var elektrisk på Utkantfestivalen, trass ein del grå skyer fredag kveld.
Britiske Kagoule var blant banda som spelte på storscena fredag.
Mange av dei som ikkje har båt bur i telt medan dei er i Utkantfestivalen.
To gode vener, kledde for vêret.
Med store telt, og stor nok presenning, er det ingen som klagar på litt regnvêr.
Sjølv om badetemperaturen kanskje ikkje er noko å skryte av er det mange som tek seg ein dukkert under Utkantfestivalen.
Fleire titals frivillige er med å gjere Utkantfestivalen mogleg. Godt kledde gjer dei jobben med eit stort smil.
Ein lystig gjeng på båttur.
Ingenting å seie på stemninga på Utkantfestivalen.
Støvlar og sandalar om ein annan på denne gjengen som kosar seg på Utkantfestivalen.
Bergensar-jenta Silje Halstensen, med artistnamnet Bendik, har fått strålande kritikkar. Fredag spelte ho seg inn i hjarta til mange på utkant.
Stor stemning framfor scena på Utkant.
Statuen av Kong Olav fekk mykje selskap under konsertane fredag ettermiddag og kveld.
Desse jentene hadde det bokstavleg talt brillefint.
Er det sommar, så er det sommar. Då skal t-skjorta av og solbrillene på.
Skjerjehamn er full av glade menneske under båt- og musikkfestivalen Utkant.
Langt ute i havgapet fekk festivalfolket oppleve ein nydeleg solnedgang frå Skjerjehamn.
Kjærleiken såg ut til å blomstre blant publikum.
Nyare og eldre båtar ligg side om side i hamna i Skjerjehamn under Utkantfestivalen. Kvart år samlar den hundrevis av båtar.
Svært mange hadde møtt opp for å få med seg musikken frå scena i Skjerjehamn fredag kveld.
Naturen ytst ute i havgapet gir majestetiske rammer for Utkantfestivalen.
Topp stemning framfor scena.
Pønkrock-bandet Honningbarna hadde teke turen frå Kristiansand til Utkant. Edvard Valberg er vokalist.
Honningbarna har spelt hundrevis av konsertar i inn- og utland. I 2015 vann dei prisen for beste liveartist under P3 Gull. Fredag stod dei på scena på Utkantfestivalen.