Hopp til innhold

Sjå bileta frå Storehesten Opp

700 mosjonistar og 250 i konkurranseklassen kjempa seg til toppen av det 1209 meter høge fjellet Storehesten. Sjå bileta frå turen opp!

Motbakkeløpet Storehesten Opp i Gaular blei laurdag arrangert for åttande gong. Både små og store nytta dagen til å ta seg til topps på fjellet. Dårleg ver på starten av dagen hindra ikkje ivrige fjellfolk å gå på tur.

Konkurranseklassen starta frå Sveen (0 meter over havet) medan mosjonistane med og utan tidtaking starta frå Stølshaugane (410 meter over havet).

Motbakkeløpet Storehesten Opp 2013

SJÅ VIDEO: Motbakkeløpet Storehesten Opp 2013 blei arrangert for åttande gong. Her er nokre av dei som er var i konkurranseklassen. Foto: Sindre Sunde Tveit, NRK.