Hopp til innhold

Sjå 17. mai-sendinga om att

Gjekk du glipp av NRK si 17. mai-sending frå heile landet, med liveinnslag frå Førde og Måløy? Her kan du sjå heile sendinga om att.

Torget i Måløy 17. mai 2015

ÅRETS FEIRING: Slik såg det ut på nasjonaldagen i Måløy om ettermiddagen 17. mai. Tidlegare på dagen kunne du sjå feiringa på TV.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Eli Eikenæs Vengen

SENDER FRÅ FØRDE: Reporter Eli Eikenæs Vengen og fotograf Ole André Rekkedal lagar innslag frå 17. mai-feiringa i Førde.

Foto: NRK

NRK Sogn og Fjordane var på plass med to TV-team som sende direkte i den tradisjonsrike "Gratulerer med dagen!"-sendinga på NRK1.

– Vi skal vere direkte inne frå Førde saman med to fantastiske damer, Nina og Siv. Vi skal heim til Siv og følgje førebuingane, før vi tek turen ned til folkefesten og folketoget i Førde sentrum, fortalde reporter Eli Eikenæs Vengen før sendinga starta.

I Måløy møtte Erlend Blaalid Oldeide mellom anna ein tilflyttar som førebur 17. mai-talen sin.

Erlend Blaalid Oldeide

SENDER FRÅ MÅLØY: Reporter Erlend Blaalid Oldeide og fotograf Heidi Lise Bakke tek pulsen på 17. mai-markeringa i Vågsøy.

Foto: Johan Moen / NRK

– Vi byrjarar morgonen på besøk hos Randi Paulsen Humborstad. Ho er tilflyttar og dagleg leiar i Nordfjord Vekst. Ho skal halde sin første 17. mai-tale. Vi byrjarar dagen heime hos henne når ho førebur seg, før turen går vidare til folkelivet i Måløy der vi skal vere med på barnetoget. Vi skal også få høyre litt om krigshistoria og Måløyraidet, fortalde Oldeide, som i fjor rapporterte frå Lærdal 17. mai, før det heile braka laus.

Her er bilete frå fjorårets feiring