Der har ho lært mykje av sjefen sjølv, Eivind Grov. Ho har og fylgt i hans fotefar politisk. Etter fire år som kommunestyremedlem for Høgre i Stryn, hamna ho i år på førsteplass på kommunevallista og på sjetteplass på fylkestingsvalet.
Sissel Skogen kan vel ikkje akkurat kallast ein valvinnar, for Høgre hadde tilbakegang ved valet. Men ho er eit døme på menneske som har stilt seg til disposisjon for politiske verv, og ho er innstilt på å bruke av fritida si for saker ho brenn for. Du møtte henne i Onsdagsportrettet 17. september.