NRK Meny

Sikra avtale med Statkraft

Bremanger kommunestyre og Statkraft er samde om eit økonomisk oppgjer i samband med sal av kraftverka Svelgen 1 og 2. Kommunen si inntekt i samband med salet er berekna til vel 170 millionar kroner. Salet må godkjennast av Olje- og energidepartementet. Rådmann Tom Joensen seier dette vil gi kommunen større økonomisk fridom.