Hopp til innhold

Vann lett - men misnøgd med eigen innsats

Trude Raad frå Breim vann sleggjekonkurransen under Florø friidrettsfestival med eit kast på 61,30 meter. Men trass i at ho stod øvst på pallen, var ho langt frå nøgd.

Trude Raad

HADDE IKKJE DAGEN: Trude Raad vann sleggjekonkurransen, men er skuffa over at ho ikkje kasta lenger.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

– I dag gjekk det i grunn dårleg. Eg hadde venta at eg skulle kaste lenger, men eg hadde ikkje dagen, seier Trude Raad, som ikkje hadde noko god forklaring på kvifor sleggja ikkje gjekk lenger.

Ho har ein personleg rekord på 64,23, men var ikkje i nærleiken av slike lengder i dag.

– Eg får det ikkje til. Eg slit med å få til noko lengd på kasta. Teknikken er grei, men det kjem ikkje noko skikkeleg lengd. Det er kjedeleg, men eg håpar det losnar, seier Raad.

  • ALLE RESULTAT FINN DU HER

Merka lite til vinden

Ho har ikkje noko å utsetje på forholda, sjølv om vinden tek godt i Florø i dag.

– Eg merka ikkje noko særleg til motvinden. Vi toler litt vind i sleggje, seier Raad.

Trass i at ikkje alt stemde i dag, har ho framleis eit mål om å komme opp mot norgesrekorden i sleggje.

– Eg håpar det, og håpar å komme over 70 meter ein gong. Eg tvilar på at det skjer i år, men på sikt håpar eg på det, seier Raad.

Siste moglegheit til å kvalifisere seg til E-cupen er neste helg.

– Då blir det anten stemne i Oslo eller Göteborg. Så får vi tru det kjem då, seier Raad.

Beatrice Nedberge LLano tok andreplassen med 56,72 meter og Helene Sofie Ingvaldsen tok tredjeplass med 54,66 meter.