Hopp til innhold

Siger og tap for stryningane

Stryn sitt damelag i handballen sin andredivisjon vann søndag 30-23 mot Bjørnar heime i Strynehallen. Heimelaget klatra dermed til fjerdeplass på tabellen, der Førde-damene ligg på opprykk etter at dei laurdag slo Bjørnar 35-15. Stryn sitt herrelag tapte søndag 23-29 heime mot Bjørnar. Stryn på 8. plass ligg dermed under nedrykksstreken.