Hopp til innhold

Sagna klar for Sogndal

Den senegalesiske spelaren er klar for kamp mot Tromsø på søndag, stadfestar Håvard Flo. Han kjem frå den franske toppklubben St.Etienne.

Sidy Sagna

KLAR FOR TROMSØ: 23-åringen Sidy Saga er i troppen mot Tromsø søndag.

Foto: Rune Sjøberg

I går kveld vart det endeleg klart at den 23 år gamle senegalesiske spelaren er klar for Sogndal.

Han signerte då ei kontrakt for 2,5 år.

– Sidy Sagna kjem til å gå rett inn på troppslista vår til kampen på søndag, seier Håvard Flo til sogndalfotball.no.

Senegalesaren er tiltenkt ein posisjon som midtbanespelar.

– Sidy er ein atypisk afrikansk spelar som me er veldig fornøgde med å ha signert. Me er glade for å få sjansen til å vidareutvikle talentet til Sidy, seier Flo.

Det var seint i går kveld at kontrakten vart godkjend av NFF.