Statens forureiningstilsyn har dag bedt NOAH Langøya ved Holmestrand om å ta i mot restane av ureina grus frå oppryddinga etter eksplosjonen hos Vest Tank i Sløvåg.
Alexela Sløvåg har vedgått overfor SFT at dei ikkje har nokon avtale om levering av massene.
Ser alvorleg på saka
Bedrifta stadfesta overfor SFT 15. juni at dei hadde funne ei løysing for fjerning av avfallet hos ein mottakar i Tyskland. Men dryge to veker seinare, 3. juli, vedgjekk dei at dei likevel ikkje hadde ein avtale på plass.
- Vi ser alvorleg på at bedrifta ikkje har etterlevd pålegget vårt og at dei har gitt oss urette opplysningar, seier SFT-direktør Ellen Hambro i ei pressemelding.
- Ekstraordinært tiltak
Ho peikar på at det er bedrifta sjølv som er ansvarleg for opprydding og at naudsynte avtalar om fjerning og behandling av ureina avfall er på plass.
- Det er ekstraordinært at vi går inn i marknaden for å finne eit behandlingstilbod, men no såg vi det som naudsynt og sjølve syte for at dei løysing kom på plass, seier Hambro.
800 tonn
Ho er glad for at NOAH, som eig og driv eit behandlingsanlegg for farleg avfall på Langøya, har lova at dei kan raskt kan ta imot avfallet.
Alexela Sløvåg er pålagde å fjerne kring 800 tonn ureina grus etter eksplosjonen 25. mai i fjor.