Hopp til innhold

SFE skaffar reint vatn i Zimbabwe

Sogn og Fjordane Energi - SFE - er mest kjend for å lage energi av rennande vatn - for det meste rikeleg med vatn. Men det er mindre kjent at selskapet har engasjert seg for å skaffe reint vatn i land der dette er mangelvare.

Vassbrønn sponsa av SFE i Zimbabwe

REINT VATN: Konsernsjef Johannes Rauboti i SFE pumpar opp vatn frå ein av dei to brønnane som alt er bora.

Foto: Andreas E. Nygjerd

I snart fire år har SFE vore sponsor av Plan International Norge, som arbeider for å gje innbyggjarane i nokre av dei fattigaste landa i verda tilgang til vatn.

Dei første tre åra var SFE med i eit prosjekt i Sierra Leone. Der betalte dei bygging og rehabilitering av 20 brønnar. Det gav reint vatn til 15.000 menneske.

No er turen komen til Zimbabwe. Der skal dei i første omgang byggje eller rehabilitere 15 brønnar. Det skal gje vatn til 10.000 menneske.

– Svært sterke inntrykk

Konsernsjef Johannes Rauboti i SFE er nett komen heim frå ein tur til dette afrikanske landet.

– Der skal vi no bore etter vatn i eit område som ligg i utkanten av Kalahari-ørkenen, der det bur ei minoritetsgruppe som heiter San-folket under svært fattigslege tilhøve.

Kontrasten mellom vår norske velstand og dei levekåra desse menneska har er stor, seier Rauboti.

– Det er svært sterke inntrykk. Reint vatn er eit sjølvsagt gode for oss. Der vassar dei ut i sølepyttar og drikk det skitne vatnet med restar av kumøk. Det seier det meste om korleis dei lever.

Vasskjelde i Zimbabwe

DRIKK SKITVATN: Denne opne vasskjelda deler ein av landsbyane med både husdyr og ville dyr, og den er svært ureina. Landsbyen ventar på å få ein av dei 15 brønnane støtta av SFE.

Foto: © Andreas E. Nygjerd

Vil sikre seg at pengane kjem fram

Zimbabwe har eit frynsete rykte. Landet var i si tid eitt av dei mest velståande i Afrika, men etter 36 år med Robert Mugabe som statsleiar er tilstanden langt frå god. Landet er blitt isolert på grunn av undertrykking av den politiske opposisjonen, menneskerettsbrot, korrupsjon og valfusk.

Mugabe har passert 92 år, men er framleis president.

Konsernsjefen seier at alt dette var grunnen til at dei ynskte å reise nedover for å sjå på tilhøva.

– Det eine er at vi skal vere trygge for at pengane verkeleg kjem fram og blir brukte til det dei skal brukast til. Det andre er at vi ville ta med oss nokre inntrykk tilbake til organisasjonen som står bak dette. Vi vil skape stoltheit i organisasjonen vår og vise at det verkeleg har ein effekt.

I tillegg til at SFE betalar ein fast sum til prosjektet kan kundane også bidra gjennom eit straumprodukt som er knytt til samarbeidet, der 20 kroner i månaden går til prosjektet.

SFE deler ut Florø-drakter i Zimbabwe

FLORØ-DRAKTER: Stor stas då Rauboti delte ut utdaterte drakter frå Florø Fotball i landsbyen.

Foto: © Andreas E. Nygjerd