Hopp til innhold

Endeleg losna det – snudde 0–1 til kalassiger

Etter åtte kampar utan siger, sette Florø Fotball endeleg punktum for den magre poengfangsten. Og for eit punktum ...

Florø nedsabla Stord

UTKLASSING: Florø snudde 0–1 til 6–3 over Stord.

Foto: TRULS KLEIVEN

Kampen på eige gras vart eit målkallas av dei sjeldne. Heile ni gonger måtte keeperane plukke ballen ut av nettmaskene.

Ved pause leia Florø 3-1, etter å ha kome tidleg under med 0–1 for Stord.

– No håper eg vi har fått den sigeren alle snakkar om, seier ein letta Florø-trenar, Terje Rognsø, etter 6-3-sigeren.

Forferdeleg start

Heimelaget fekk ikkje starten som Rognsø hadde håpa på. Allereie etter få minuttar måtte Robert Winogrodzki plukke den første ballen ut av nota.

– Det var eit langskot som Robert skal ta, så då var det tanken «no er det på'an igjen» som slo meg, seier Rognsø.

(Artikkelen held fram under biletet)

Florø knuste Stord.

TØFFE TAK: Tidlegare Sogndal-spelar Christian Brink (nr. 3) og ein Florø-spelar i duell.

Foto: TRULS KLEIVEN

– Men vi er effektive og kjem tilbake, men det er på ingen måte noko komfortabel kjensle vi har til pause. Stord er eit bra lag, og heng godt med, held han fram Rognsø.

– Vinn fortent

Like etter kvilen aukar Christer Husa til 4–1.

– Då ventar ein at ein skal sleppe skuldrene ned, men det gjer det ikkje. Vi legg oss bevisst bakpå for å få kontringar, men så får dei 4–2 og det blir kamp igjen. På 4–3 er det grufullt til vi får 5-3, seier Rognsø om Stefan Aase si viktige andre scoring for dagen, ti minuttar før slutt.

(Artikkelen held fram under videoen)

Terje Rognsø om 6-3 sigeren over Stord på heimebane.

SJÅ VIDEO: Florø-trenar Terje Rognsø om kallassigeren over Stord. (FOTO: TRULS KLEIVEN)

Første sidan 28. juni

For Florø som lenge var heilt med i kampen om opprykk til 1. divisjon var sigeren over Stord den første sidan Brann 2 vart slått 2–0 28. juni.

Sidan er det blitt fem uavgjort og tre tap. Mot Stord scora også Vegard Dyrstad og Tord Hovden for Florø. Sigeren løftar dei til 5. plass på tabellen – no åtte poeng bak serieleiar Åsane.

– Alt i alt vinn vi fortent, seier Rognsø.

Måndag spelar divisjonskollega Førde borte mot Stabæk 2.