Hopp til innhold

Sette motbakkekongen på plass

«Barnehageonkelen» Erlend Eide (22) frå Sandane sette Norges kanskje beste motbakkeløpar godt på plass laurdag.

Erlend Eide

RASKAST: I sin andre start på Trappeløpet gjekk Erlend Eide like godt heilt til topps i Høyanger.

Foto: Markus Andreas Tonning

Glopparen sprang i mål til tida 8.13 og slo med det fjorårsvinnar og rekordinnehavar Thorbjørn Thorsen Ludvigsen (Fana) med 11 sekund.

I dameklassa imponerte 13-åringen Andrine Bliken Haukøy (Høyang) stort med nest raskaste tid.

– Han må ha hatt ein tung dag, for eg hadde aldri trudd eg skulle klare å slå han. Eg var berre ute etter å setje personleg rekord, seier Erlend Eide om det å slå fjorårsvinnaren med god margin.

Avgjorde på slutten

Han representerer Eidsfossen, er glad i trening – og litt glad konkurranse. For andre gong stilte Eide på startstreken til det knalltøffe trappeløpet i industristaden.

Med 0,37 sekund på kvart trappetrinn, vart Thorsen Ludvigsen i fjor den første på under åtte minuttar med rekordtida 7.53. Som Norges kanskje beste motbakkeløpar, var det nok mange som sette ein knapp på han også i år.

(Artikkelen held fram under biletet)

Andrine Blikken Haukøy

IMPONERTE: Andrine Blikken Haukøy frå Høyanger vart nest beste i kvinneklassa.

Foto: Markus Andreas Tonning

Løypa er ikkje lang, men med høgdeskilnad på 311 fordelt på 0,57 kilometer, er det Norges brattaste motbakkeløp. Trappa tel 1.268 trappetrinn. Sterkast var ein «barnehageonkel» frå Sandane.

– Eg kan jo ikkje vere anna enn nøgd. Eg trur eg gjorde mykje av jobben på siste halvdel av løpet. Tok nok ein del sekund i alle fall på siste minuttet, seier den overraskande vinnaren av Trappeløpet.

Sju minutt med mjølkesyre

– Men eg kjente etter 2–300 trinn at dagsforma var inne. Mjølkesyra kom etter halvanna minutt, og den gjekk eg med resten av løpet. Det var først på slutten eg skjønte at eg leia, legg Eide til.

– Eg høyrde mykje skriking undervegs, men skjønte ikkje at eg vart sekundert mot leiartida. Det var jo to kanonar som starta før meg, legg han til og siktar til både Stian Hovind-Angermund (Varegg), som vart nummer to, og bronsevinnar Thorsen Ludvigsen.

Spissa forma

Eide jobbar til dagleg som barnehageonkel. 22-åringen representerer Eidsfossen, og er for det meste oppteken av å halde seg i form.

– Eg er vel eigentleg ein som likar å trene mykje, men som konkurrerer lite. Det blir fire-fem løp i året og så syklar eg Birken, seier han og presiserer:

– Men eg må ærleg innrømme at eg har prøvd å spisse forma mot dette løpet. Trappene vi har på Sandane er ikkje like lange, men det har blitt nokre turar for å få litt trening på driv og takt, seier han.

13-åring imponerte

Med tida 11.03 vart Karoline Olsen raskast av dei 25 startande damene. Ei som imponerte stort var 13-åringen Andrine Blikken Haukøy (Høyang) med nest raskaste tid.

I sin tredje start beit ho saman tennene, trossa mjølkesyra og fossa opp trappetrinna og gjekk i mål 37 sekund bak vinnaren frå Kyt. I toppen av resultatlista er 13-åringen omkransa av seniorløparar.

– Eg vart eigentleg veldig overraska. Samstundes har eg vore langt nede på tida under trening, så eg visste også at eg kunne klare det, seier ho og fortel at ho trenar kvar einaste dag.

Andrine fortel ho har vore ein hyppig brukar av trappene i år.

– Eg har vel vore der borte kanskje ti gonger i år, men eg har aldri gått så fort, seier ho godt nøgd.