Hopp til innhold

Flaks og nærleik til brannstasjonen hindra ein større brann

Brannen i Sør-Vågsøy kirke i natt var påsett viser undersøkingar politiet har gjort i natt. No leitar dei etter gjerningspersonen.

Døra på kyrkja har fått skader av brannen

FLAKS: Det brann godt i kyrkjedøra då brannmannskap kom til staden. Til alt hell ligg brannstasjonen 1 minutt frå kyrkja.

Foto: Bjarne Eldevik

– Vi har hatt kriminalteknikar på plass og har fått konstatert at det er brukt brennbar væske, seier operasjonsleiar Trond Hatlenes til NRK.

Brannen vart meldt kring midnatt. Brannvesenet fekk raskt sløkt brannen. Utrykkingstida var på 1 minutt, seier vaktleiar ved Alarmsentralen, Frode Eide.

Brann i kyrkjedøra

OPNE FLAMMAR: Rask varsling og nærleik til brannstasjonen hindra brannen i Sør-Vågsøy kyrkje til å bli meir omfattande.

Foto: Bjarne Eldevik

– Dette var ein brann på utsida, og i eit mindre område så brannmannskap fekk sløkt raskt. Til alt hell ligg også Måløy brannstasjon like ved så dei var framme på eitt minutt, seier Eide.

Kunne gjort langt større skade

Det var til Alarmsentralen den automatiske brannalarmen slo ut først. Men den første telefonen til 110 kom berre minutt etter frå ein nabo som såg opne flammar frå kyrkjedøra.

Den raske responsen kan ha hindra brannen i å gjere større skade.

– Brannen hadde godt grep om døra. I tillegg var det mykje røyk inne i kyrkja, så dei måtte bruke vifter for å få ut røyken, seier Eide.

Etter det politiet kjenner til er det berre døra til den 108 år gamle kyrkja som har fått skade. Kor mykje skade det er førebels uvisst. Men det skal ha vore opne flammar.

Sør-Vågsøy kyrkje

BRANN: Brannmannskap fekk raskt sløkt brannen i den 108 år gamle kyrkja.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Fordi det var mistanke om at brannen var påsett, har ein krimteknikar frå Stryn undersøkt åstaden i natt.

Utan spor etter gjerningsmann

Men førebels står politiet utan spor etter nokon gjerningsperson.

– Førebels er det ukjend gjerningsperson. Vi ønskjer å komme i kontakt med alle personar som har vore i området mellom klokka 23–01 i natt. Vi ønskjer også å komme i kontakt med personar som trur dei ikkje har sett noko som kan vere av interesse i området, seier Hatlenes.

Dei som har tips i saka kan ringe politiet på 02800.

Veit du noko om saka eller har bilete eller video? Tips oss på epost eller på telefon 57724242

Sør-Vågsøy