Hopp til innhold

Set si lit til politiet

Det er bra at politiet går grundig til verks for å finne ut kven som lak informasjon frå formanskapsmøtet. Det seier vågsøyordførar Roger B. Silden

Ordførar Roger B. Silden i Vågsøy
Foto: Håkon Eltvik / NRK

Politiet vurderer no å sikte vågsøypolitikarar for å få ut telefonopplysningar for å finne ut kven som ikkje heldt teieplikta si.

For advokaten til Alf Tande Pedersen skal ha fått informasjon frå ein av politikarane då kommunen var i forhandlingar med Pedersen.

Men advokaten nektar å seie kven det er.

Det meiner Silden er merkleg, men han set si lit til at politiet klarar å løyse saka.

Sei di meining om saka her: Vurderer å sikte Vågsøy-politikar