NRK Meny
Normal

Set inn ferje etter helga

Ferja som skal gå mellom Smørhamn og Kjelkenes er klar måndag. Etter brannen i Skatestraumtunnelen har det blitt jobba på spreng for å få sett inn ferje på det nedlagde sambandet.

Førdefjord har sin siste dag på sambandet Kjelkenes - Smørhamn.
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Det har teke litt tid å få plass alle detaljane rundt det. Det er ikkje mogleg å få den på plass tidlegare på grunn av tilgjengeleg mannskap, seier ferjekoordinator i Statens vegvesen, Anders Sæternes.

Ferje MF Dalsfjord er klar måndag og tek 27 personbilar. Den skal gå etter oppsett rutetabell. Det skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

Mogleg å auke kapasiteten

Sambandet mellom Smørhamn og Kjelkenes vart lagt ned i 2013, men blir sett i drift att medan Skatestraumtunnelen på fylkesveg 616 er stengd etter brannen onsdag.

– Vi har sett at behovet har vore der heilt sidan onsdag, og vi har jobba med å få på plass ei løysing sidan då, seier Sæternes.

MF Dalsfjord skal trafikkere sambandet så lenge Skatestraumtunnelen er stengt.

– Rutetabellen er sett opp målt ut frå det maksimale vi klarar med eitt mannskapsskift, fortel han.

– Kan behovet bli større?

– Det er vanskeleg å seie. No har det ikkje vore køyrt ferje på dette sambandet sidan 2013. Den gongen var kapasiteten grei nok. Men på sikt er det mogleg å auke kapasiteten dersom det vert naudsynt, seier Sæternes.

Kan ta seg inn i tunnelen måndag

– Kven tek rekninga?

– Statens vegvesen har fått oppdraget frå fylkeskommunen, så etter det eg er kjent med er det fylkeskommunen som får rekninga, seier Sæternes.

Statens vegvesen får ikkje tilgang til Skatestraumtunnelen før tidlegast måndag. Då vil dei spyle og reinske tunnelen, og håpar å få betre oversikt over skadeomfanget.

Gå til forsiden

Brann i Skatestraumtunnelen

Tunnelbrann i Skatestraumtunnelen

Brann i Skatestraumtunnelen

12 bilder

    Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
    Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
    veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser