NRK Meny
Normal

Bytta ut skule og lekse med matservering til fleire tusen

Ikkje alle kokkeelevar ved Øyrane vidaregåande skule har starta på skulen enno. Fleire av dei har denne veka arbeidd på ein liten restaurant under den internasjonale fiskerimessa i Trondheim.

Fleire elevar ved Øyrane vidaregåande skule har laga mat under fiskerimessa i Trondheim.

SAMARBEID: Å lage mat til fleire tusen besøkjande på fiskerimessa i Trondheim har vore både stressande og kjekt, seier Ayla Portornai og Gina Sæbø.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide

– Steikt torsk med poteter og ramslaukdressing er bestseljaren. Den er også veldig grei å lage, seier Gina Sæbø og Ayla Portornai.

Til dagleg er dei elevar ved Øyrane vidaregåande skule på kokkelinja, men denne veka har dei hatt hendene fulle med å servere svoltne messedeltakarar på fiskerimessa i Trondheim. Der deltek dei saman med fleire av klassekameratane og Kokkenes Mesterlaug i Sogn og Fjordane.

– Det er veldig spanande og utfordrande å vere her. Vi er heldige som får vere med, seier dei to jentene til NRK, medan dei tek hand om fleire bestillingar som kjem inn.

Ifølgje dei to kokkane er det ramslaukdressingen som er prikken over i-ei på retten.

– Og så har vi gode råvarer, det har mykje å seie for resultatet. Vi vil ha det beste, og vi kjenner på smaken om det er god kvalitet, fortel dei om fisken som sjølvsagt også er frå Sogn og Fjordane.

(Artikkelen held fram under videoen)

Kokkeelevar diska opp under fiskerimesse.

– Taklar vi dette taklar vi i alle fall skulen

På messa er det mellom 15 000 og 20 000 besøkjande innom. Restauranten er ein del av fiskerinæringa og Fylkeskommunen i Sogn og Fjordane sin fellesstand på messa. Over 30 verksemder frå heile fylket, innan alle delar av næringa har teke turen til Trondheim for å møte gamle og nye kundar og inngå avtalar.

For kokkeelevane er det også lærerikt å delta.

– Det er annleis å vere her enn på skulekjøkenet. Her er kjøkenet mykje mindre enn vi er vande med, så vi lærar å samarbeide betre når det er så lite her. Vi skubbar litt på kvarandre, men vi kranglar ikkje, seier dei to.

Også Tor Gulli, i Kokkenes Mesterlaug meiner dei elevane klarer seg bra under krevjande forhold.

– Det er ein stor overgang å kome frå skulen og inn på det improviserte kjøkkenet her. Så lenge vi ryddar, held orden og stolar på kvarandre så går det bra. Det var litt stress første dagen, men no går alt av seg sjølv, fortel Gulli.

Kokkenes Mesterlaug er også med på messa og lagar til maten.

MESSE: Kokkenes Mesterlaug er også med på messa, men elevane klarer seg så bra at dei har overlate det meste av ansvaret til dei, fortel Tor Gulli og Bodil Erdalsdal.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide

Sjølv om det ser ut til at dei har det meste under kontroll etter kvart som ordrane på mat kjem inn, så må også jentene innrømme at det til tider har vore stressande.

– Første dagen var verst, men no har vi gjort det nokre dagar og fått teken på det. Vi veit korleis vi skal lage maten. Å kome tilbake på skulen blir ingenting mot dette. Taklar vi dette, så taklar vi i alle fall skuledagen.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.