Hopp til innhold

Ynskjer å sjå nærare på 19-åring frå Ghana

Ein 19 år gammal ghanesar er i søkjelyset til Sogndal Fotball.

Albert Bruce

HOSPITANT: Albert Bruce skal trena med Sogndal Fotball frå og med neste veke.

Foto: www.ghanasoccernet.com

Ifølgje nettsida GhanaSoccernet skal midtbanespelaren Albert Bruce til Sogndal for å gjennomføra ein medisinsk test, men dette avkreftar Eirik Bakke.

– Nei det stemmer ikkje, men me arbeidar med å få han til Norge slik at han kan trena med oss, seier Bakke.

Han fortel at dei først og fremst ynskjer å kartleggja 19-åringen. Sogndal håpar han er med på treningane deira ifrå slutten av neste veke.

Både Brann og Molde er på jakt etter Sogndals midtbanegeneral Stephan Badji og klubben kan kome i ein posisjon der dei må jakte ein erstattar.

Men Bakke seier dei ikkje ser på midtbanetalentet som ein som skal inn å forsterka laget.

– Han er ein unggut og er ikkje aktuell no. Men han er spanande så me ynskjer å sjå nærare på han.

Ifølgje den ghanesiske nettsida har midtbanetalentet vore i søkjelyset til mellom anna Sunderland, men den avtalen gjekk ikkje i orden då han ikkje fekk visum i England.