Hopp til innhold

Direktør ser lysare på situasjonen - trekkjer tilbake permitteringsvarsel

NorSun-direktør Bjørn-Olav Brelin ser lysare på situasjonen enn på lenge. No varslar han at permitteringsvarselet for alle dei tilsette vil bli trekt tilbake.

Norsun Årdal

FÅR KOME TILBAKE: Direktøren ved NorSun varslar at selskapet i løpet av dei neste vekene vil trekkje tilbake permitteringsvarselet og at alle dei tilsette skal få kome tilbake på jobb.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– I haust var vi i ein situasjon der vi var tvinga til å sende ut permitteringsvarsel til alle.

– Når vi no får nokre formalitetar på plass vil dette varselet bli trekt tilbake for alle saman, seier ein optimistisk Brelin til NRK.no.

Ting har snudd

Etter svært tøffe tider for solcellefabrikken i Årdal, ser ting no ut til å gå rett veg. Det er det mange som gler seg over, ikkje minst sjefen sjølv.

– Eg ser betydeleg lysare på situasjonen no enn eg gjorde for berre nokre månader sidan, seier Brelin.

Og det er ikkje utan grunn at han no gler seg over at situasjonen er i ferd med å snu.

Solcelleindustrien har hatt ein tøff haust og i august måtte leiinga i REC slå dotterselskapet Wafer Norway konkurs. Også NorSun har måtte gjere grep for å greie seg. I haust har dei måtte ty til oppseiingar og i slutten av november fekk alle dei tilsette ved fabrikken i Årdal permitteringsvarsel.

Landa fleire viktige avtaler

Marknadssituasjonen har vore dårlegare enn venta, og lenge venta NorSun på ei godkjenning av eit produkt for ein stor kunde i USA.

Men før jul viste lyset i tunnelen seg. Først landa dei ein ny avtale med eit kinesisk selskap. Like før julekvelden kom julegåva Brelin hadde venta på. NorSun hadde då kvalifisert seg som leverandør av ein ny supertynn wafer, ein avtale dei har jobba lenge for.

– Dette var den beste julegåva eg kunne ønskje meg, sa den administrerande direktøren før jul.

Varslar betre tider for dei tilsette

Også dei tilsette ved solcellefabrikken får no sjå fruktene av dei nye avtalane.

– Alle permitteringsvarsla vil bli trekt tilbake gjennom dei første vekene.

– Dei som har vore ute og dei som har hatt eit permitteringsvarsel gåande, vil kome tilbake i ordinær jobb alle saman, seier Brelin til NRK.no.

Brelin håpar og trur at første kvartal skal gje ein peikepinn på korleis marknaden vil utvikle seg framover. Samtidig er han klar på at det er ein tøff bransje dei er i.

– Det er uvisse i marknaden, ein kan ikkje spå så langt fram i tid. Slik er det.

Han seier bransjen framleis er prega av kortsiktige avtalar og sterkt press på prisar, men vel å sjå det positive.

– Eg trur det er viktig, spesielt for dei tilsette, å ta til seg at det ser betydeleg betre ut enn det vi trudde for berre kort tid sidan.