NRK Meny
Normal

Sendt til sjukehus etter paragliderulukke

Ulukka skjedde i samband med hard landing, ifølgje politiet.

Paragliderulukke i Aurland 20.09.15

TRULEG HARD LANDING: Slik skildrar nabo Evy Hilde Ersvåg Veum ulukka som ho vart vitne til.

Foto: Evy Hilde Ersvåg Veum

Ein mann i 40-åra vart i ettermiddag skadd i samband med ei paragliderulukke på Ytstebøen i Aurland. Naudetatane rykte ut til staden, og mannen er no sendt til sjukehus.

– Det er snakk om mogleg beinbrot i ein fot, seier operasjonsleiar for politiet, Kjetil Drange, like etter hendinga.

Stabil tilstand

Ulukka vart meldt inn klokka 16.29. Ein halv time seinare var politiet på staden.

Mannen vart kort tid etter sendt til Voss sjukehus, og tilstanden er stabil, melder Helse Førde.

Ifølgje operasjonsleiar Drange skal han ha hatt for høg fart inn mot landing, i tillegg til at han har kome inn skeivt.

Mannen i 40-åra har hatt sertifikat for paragliding i eitt år.

Høyrde smerterop

Ulukka skjedde på ein bø like ved der Evy Hilde Ersvåg Veum bur.

– Eg høyrde plutseleg ein som ropte og som tydeleg hadde store smerter. Då gjekk eg bort og så at han hadde treft bakken ganske hardt, fortel ho.

Denne bøen er ofte brukt til landing for paragliderar. Ersvåg Veum fortel at det var ein lege med i paragliderfølgjet.

– Det var eit kurs der i dag, men han var ikkje deltakar, seier Drange hos politiet.

Det er usikkert om politiet opprettar sak på hendinga, men førebels ser det ikkje slik ut.

– Vi har registrert alle opplevingane av det som skjedde, så får vi sjå om det er nok til opprette sak, seier Drange.

Laster kart, vennligst vent...