Hopp til innhold

Sendt til kontroll etter ulukke:

Ein person er sendt til legekontroll med lettare skader, etter ei trafikkulukke i Utledalen i Årdal. Det var berre ein bil involvert i ulukka. Bilen skal ha gått rundt, ifølgje politiet. Eine køyrebana er stengd inntil bilberging har fjerna bilen. Dei er truleg på staden no. Årsaka til ulukka er ikkje kjend.