Norges Røde Kors har takka ja til eit tilbod frå Årdal kommune om å få reint vatn frå Utla-kjelda til hjelpearbeidet på Sri Lanka. Dei 3750 literane med vatn skal hjelpe naudlidande og Røde Kors sitt personell.
Ordførar i Årdal, Arild Ingar Lægreid, kom med tilbodet i går, og i allereie i morgon er vatnet på veg med fly.