Hopp til innhold

Selje starta med fire fotballbrør

Ikkje mange klubbar kan skilte med fire brødre på eitt og same fotballag.

Kupen

Selje sine vidgjetne Kupen-brør: Endre (framme), Ken Olav (bak frå venstre), Andre og Werner.

Foto: Atle Solheim

Med brørne Endre (18), Ken Olav (21), André (27) og Werner (30) frå start for første gang i år, tok Selje tre viktige poeng mot botnlaget Skavøypoll.

SJÅ: Selje vann botnoppgjeret

- Eg kan love deg at det smakte godt. Vannvittig deilig. Vi måtte vinne og då smakte det særs godt at det skjedde mot "Polljen", jublar minstemann Endre.

LES OGSÅ: Ny målrik runde i 3. divisjon

- Ein fordel

Sjølv noterte han seg for ein målgjevande og ei scoring i oppgjeret. Dette var hans åttande mål for sesongen. Broder, og spissmakker, Werner la opp til scoringa.

- Vi kjenner kvarandre godt og veit kva vi skal gjere. Det er ein fordel å vere fire brør, men er ikkje noko eg tenker særleg på når vi spelar, seier Endre.

Første gang i år

- Det er berre slik det er. Det er ikkje så ofte vi får starte alle saman, men det er kjekt når vi får gjere det, legg André til. I følgje trenar Idar Taklo starta dei alle saman ein kamp i fjor - då laget rykka opp frå 4. divisjon.

- Med fire brør så kan det bli ampert på treningsfeltet, men det er slikt som må til. Dei har god kjemi på bana og er utruleg viktige for Selje Fotball, legg Taklo til.

- Kva hadde vi å gjere på?

- Dei har ulike kvalitetar og det er umogleg å rangere dei. Felles for dei alle er guts og innsats. André er best defensivt, medan Werner er krigaren som ofrar seg framfor mål. Endre er teknikaren og den som lagar mest mål, medan Ken Olav er den mest anvendelege. I dag måtte han steppe inn som back og var mellom dei beste på bana, seier Taklo. Fire brør på eitt og same lag er av det sjeldne slaget.

- Men kva anna hadde vi å gjere på då vi var små. Vi sprang nede på bøen med ballen. Når første slåtten var gjort unna, så var fotballbana der, ler André.

- Utruleg viktig

Sigeren over Skavøypoll var Selje sin andre for sesongen. Dette var også andre gang at laget heldt nullen. Første gang var også mot "Polljen" då kampen enda 0-0.

- Det var utruleg viktig med siger i dag. Vi møtte naboen både geografisk og på tabellen. Når vi får ein så god start som vi gjorde og berre køyrer på, så er det utruleg viktig for sjølvtilliten. Dette var ein sekspoengskamp, seier Taklo.

Trur på Førde

Selje stod før kampen bokført med sju poeng. Skavøypoll med fem. No er avstanden seks poeng til Kaupanger og sju poeng til Høyang og Eid.

- Eg registrerer at det er ei luke både opp og ned. Eg registrerer at Kaupanger har mista mange spelarar, så held vi fram med å plukke poeng så kan vi ta dei. Men eg trur Førde tek steget opp, slik at vi er sikra der vi er no, seier Taklo.